Gode gjerningar reddar verda!

Flytninger fra Syria i kø - fn bilde

God gjeringar reddar verda, skriv Birger Bolstad frå Ås i Dagen på laurdag, og viser til sitat frå Bjørnstjerne Bjørson.

Og gode gjerningar kan me kanskje alle utføra?

Til alle tider har me menneske vore opptekne av kva det vil seia å vera, ja, nettopp, menneske. Jesus tala om nestekjærleik, Einar Gerhardsen om solidaritet. Filosofen Knut Løgstrup hevdar at å vera menneske, det er å vera avhengig av andre: Ein viser omsorg, og er sjølv avhengig av omsorg.

Møte med framande menneske, frå andre kulturar, med andre språk og skikkar, kanskje andre religionar med, som har andre røynsler, er alltid spennande og lærerikt.

Eit døme på gode integreringstiltak er engasjementet til KIA (Kristent Interkulturelt Arbeid). KIA er ein landsdekkande organisasjonen, med lokale avleggjarar, og er Noregs største på innvandrarfeltet. Dette er ein sjølvstendig økumenisk og diakonal organisasjon som møter alle menneske med likeverd, omsorg og venskap. KIA er ein viktig møteplass for innvandrarar og etniske nordmenn. I Ål, der eg bur, gjer Bente Sletten og Johanne Marie Jordet, eit imponerande arbeid i KIA. (Frå Dagen)

Les heile artikkelen i Dagen her